Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

8.2 Valg av finansiering

Et driftsbudsjett viser marginane?

Et produkt må ha evne til å tjene penger. En økonomisk analyse bør vise hvor mye bedriften må selge for å gå med overskudd. Viser disse testene at små endringer i salget eller kostnader gir negativt resultat, er det grunn til å studere driftsøkonomien mer grundig.

Eit driftsbudsjett viser marginene?

Eit produkt må ha evne til å tene pengar. Ein økonomisk analyse bør vise kor mykje bedrifta må selje for å gå med overskot. Viser desse testane at små endringar i salet eller kostnader gir negativt resultat, er det grunn til å studere driftsøkonomien grundigare.

Kapitalbehovet må finansierast

For å få tak i dei eigedelane du har behov for i forretninga – varebil, inventar, varelager, kundefordringar og likvidar, må du skaffe deg kapital. Eigedelane må finansierast. All erfaring viser at mange etablerarar er full av idear, men manglar pengar. Særleg er det eit kjent fenomen for unge etablerarar.

Kor kan du skaffe pengane?

Vi skil mellom desse kapitalkjeldene:

  • eigenkapital
  • lånekapital
  • offentlege tilskot

Tre krav til sunn finansiering

  • Anleggsmidlane bør vere finansiert med langsiktig kapital.
  • Minst halve varelageret bør finansierast med langsiktig kapital.
  • Eigenkapitalen bør vere minst 35 % av totalt kapitalbehov.
KAPITALBEHOV FINANSIERING
Anleggsmidlar Eigenkaptal
Langsiktig gjeld
(Arbeidskapital)
Omløpsmidlar
Korsiktig gjeld

Finansieringsplan

Eigenkapital kr 350 000
Pantelån i Sparebanken Øst kr 300 000
Langsiktig kapital kr 650 000

Leverandørar kr 100 000
Kassekreditt i Sparebanken Øst kr 250 000
Sum kapitalbehov kr 1 000 000

Finansieringsplanen viser at denne bedrifta disponerer over kr 650 000 i langsiktig kapital som består av eit pantelån på kr 300 000 og eit eigenkapitalinnskot på kr 350 000. Resten av kapitalbehovet er finansiert med kortsiktig gjeld – leverandørgjeld og kassekreditt.

Langsiktig kapital finansierer anleggsmidlane. Han dekkjer også halvparten av varelageret med kr 100 000. Eigenkapitalen utgjer 35 % av det totale kapitalbehovet. Vilkåra for ei sunn finansiering er oppfylt.